Brøløsvegen 7, 3840 SELJORD 35 06 54 00 · post@telemarkbil.no telemarkbil.no |
Kontaktinformasjon
Telefon: 35 06 54 00 Fax: 35 06 54 01 Besøksadresse: Brøløsvegen 7 Post nr.: 3840, Seljord Postadresse: Postboks 34 Post nr/stad: 3835, Seljord E-post: post@telemarkbil.no Org.nr: 924 099 658 |
*Lokalisering, Bemanning og Omsetning:
Telemark Godslinjer held til i Seljord medan resten av selskapa er lokalisert i Skien. Det er samla 240 tilsette i konsernet som i 2012 hadde ei omsetning på 214 mill.kr *Persontransport Lokalruter: Telemark Fylkeskommune er hovudoppdragsgjevar for lokalrutene innanfor kommunane, Vinje, Tokke, Kviteseid, Seljord, Nissedal, Fyresdal, Bø, Siljan og Skien. For Aust-Agder Fylkeskommune køyrer vi lokalrutene i Åmli og ruta frå Vrådal til Arendal. Haukeliekspressen (Nor-Way) blir køyrd i samarbeid med Tide Buss og trafikkerer strekninga Oslo - Drammen - Kongsberg - Notodden - Bø - Seljord - Åmot - Haukeli - Bergen?Haugesund med inntil 5 daglege avgangar kvar veg. Grenlandsekspressen (Nor-Way) er saman med Telemarkekspressen drifta i Telemark Ekspressbusstrafikk som er heileigd av Telemark Bilruter og trafikkerer strekninga Skien - Siljan -Hvittingfoss - Drammen - Oslo med 8 daglege avgangar kvar veg. Telemarkekspressen (Nor-Way) trafikkerer strekninga Seljord - Bø - Ulefoss - Skien - Larvik - Sandefjord - Torp - Tønsberg med inntil 20 daglege avgangar kvar veg med vidare korrespondanse med tog?buss til Oslo og Gardermoen. Kanalbussen køyrer strekninga Skien - Ulefoss - Lunde - Kviteseid - Dalen i sommarhalvåret i samband med båttrafikken på Telemarkskanalen. |
GPS KoordinaterN 59° 28.955'E 8° 37.436' |